Til no i lønsforhandlingane har du fått 5,3% i lønsvekst, med ein sikring der ingen får mindre enn 30.000 kr i lønsvekst, sjølv om 5,3% skulle være mindre.
Det skal no gjennomførast lokale lønsforhandlingar på 7,3 millionar kroner. I lønsforhandlingane kan både fagforeiningane og arbeidsgjevar fremje krav. Dersom du vil at Forskerforbundet skal fremje lønnskrav for deg i forhandlingane, må du sende inn eit krav til oss før fristen 15. september kl 13.00. Søkjer du fagforeninga om lønstillegg, vil vi og anbefale at du tek ei lønssamtale med din næraste leiar for å gjere vedkommande medviten at du ynskjer høgare løn. Om arbeidsgjevar og Forskerforbundet prioritera deg, aukar det sjansen for å heve løna di.
Det er ein avgrensa pott i år, det er viktig at du som medlem gjere gode vurderingar av ditt eige lønsnivå og kva du krev i søknadsskjemaet. Lønskravet ditt skal være forankra i lønspolitikken til HVL, denne finn du ved å gå på Vestibylen og søkje etter lønnspolitikk. Lønskravet må være kortfatta, det er berre dei to fyste sidene av søknadsskjemaet som blir lest.
Lønnskravet ditt skal kort grunngjevast ut i frå hovudpunkta som ein finn i punkt 6.3 Kriterium for arbeidstakarvurderingar i lokale forhandlingar i Lønnspolitikk for Høgskulen på Vestlandet (HVL). Skjemaet må ikkje overstige to sider. Lønspolitikken har tre hovudkriterium for arbeidstakarvurdering, i lønspolitikken kan du finne dømer på kva du kan vektlegge i under kvar av desse tre:
- Innsats og kvalitet i utføring av arbeidsoppgåver i stillinga
- Bidrag til utvikling og deling av kompetanse
- Bidrag til organisasjonsutvikling og institusjonsbygging
Lønsoppgjeret skal være ferdig seinast 31. oktober, dette medføre at lønsvekst fyst blir utbetalt etter at lønsoppgjeret er ferdig, og det kan gå heilt til desember før dette kjem på konto. Virkningstidspunktet for lønsoppgjeret er 1. mai 2023, lønsveksten vil bli etterbetalt.
Absolutt frist for å levere søknad til din klubbleiar: 15. september klokken 13.00.