onsdag 20. september 2017

Fryktar kontora forsvinn i nytt bygg

Høgskulen på Vestlandet sitt nybygg på Kronstad er førebels planlagt med ope kontorlandskap for alle tilsette. – Urovekkande, seier hovudillitsvald i Forskarforbundet, Kristin Hinna i et intervju i På Høyden.

I starten var bygget planlagt med 70 prosent cellekontor – medan dei siste romplanane no ikkje inneheldt reine cellekontor i det heile tatt.

Hovudtillitsvald for Forskarforbundet Kristin Hinna sit i brukargruppa for bygget – og reagerer sterkt.

– Eg tenker at dette er drastisk. Det er veldig urovekkjande at dei gjer det slik. Den forskinga som finst i forhold til ope landskap er eintydig på at det fører til mistrivnad, meir stress, større sjukefråvær, mindre produktivitet, og det blir gjort fleire feil, seier Hinna