søndag 5. juli 2020

God sommar frå Forskerforbundet ved HVL!

Et utdrag fra epost til medlemmene.

Kjære medlemmer av Forskerforbundet ved HVL!

Det stundar mot ferie, og det kjennes som om det er vert godt for alle å senka skuldrene godt ned og samla nye krefter til ein haust som nok vert noko skiftande.

Sjølv med mindre reiser, ikkje noko spaning om eventuell streik då hovudoppgjeret vart utsett til hausten eller arrangering av medlemsseminar har det vore ein hektisk og annleis vår som hovudtillitsvald (vikar).

Vidare er det søknadsfrist 2. august til stillinga som rektor ved HVL – så her må gode krefter bli oppmoda om å søkja!

Forskerforbundet sentralt har sendt eit brev til alle UH institusjonar. Det tar opp mykje som har med vår arbeidssituasjon å gjera, og ein kan særleg merka seg:

«Læremidler er underlagt opphavsrett «Den som skaper et åndsverk, har opphavsrett til verket, og betegnes som opphaver» (åndsverksloven § 2). En forelesning og et manuskript er i henhold til dette å regne som åndsverk som opphaver har de ideelle rettighetene til. Det å gjøre opptak av en undervisningssituasjon eller på annen måte produsere noe for seinere digitalt bruk, er det samme som å framstille læremidler som er opphavsrettslig beskyttet, og som opphaveren som har laget dem, har de immaterielle rettighetene til.»

Ei oppmoding som avsluttar brevet:

«Digitale læringsformer er et godt supplement til ordinær undervisning, men det må ikke bli den nye standarden for undervisning for alle. Det er viktig at lærerstedene og de ansatte reflekter over hvordan og hvorfor man vil benytte seg av digitale undervisningsformer og ikke digitaliserer for digitaliseringens egen skyld
Lønsoppgjeret vart utsett som fylgje av Korona. Frontfaga vil starta sine forhandlingar 3. august, og skal vera ferdig til 21. august. Dette oppgjeret får verknad for kor stort handlingsrom andre sektorar får, og lønsoppgjeret i staten startar 1. september og skal vera i mål til 15. september.

Vidare har Guro E. Lind eit godt innlegg om arealnormen for statlege bygg

Håpar de alle får ein fin ferie, og nyt sommaren!

På vegne av Forskerforbundet ved HVL.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar