tirsdag 22. august 2023

Tillitsvalde ber om 15 millionar til lokale lønsforhandlingar

Forskerforbundet sin årlege lønnsstatistikk for sektoren syner at lønsnivået for fleire stillingskategoriar ved HVL ligg under gjennomsnittet nasjonalt. 

For å lukkast med å byggje det nye Universitetet på Vestlandet,, må HVL markere seg som ein attraktiv arbeidsplass med høve til karriere og kompetanseutvikling. UH-sektoren konkurrerer om kompetanse med den fysiske arbeidsplassen (kontor), arbeidsoppgåver (mengda FoU) og lønn.

Styret kan gjere ein skilnad og bidra til at HVL har høve til å rekruttere og halde på den viktigaste kapitalen eit universitet har: kompetansen til dei tilsette.

Tillitsvalde sine utrekningar viser at HVL treng å auke lønsnivået med om lag 30 millionar for å komme opp på gjennomsnittet nasjonalt. Vi håpar derfor at høgskulestyret erkjenner situasjonen ved HVL og tilfører friske midlar til lokale lønsforhandlingar ved HVL i 2023, dette for å heve det generelle lønsnivået på HVL og dermed styrkje universitetsambisjonen og gjere HVL konkurransedyktige på nasjonalt nivå.

For å styrke konkurransekrafta til HVL, rår dei tillitsvalde ved HVL høgskulestyret å nytta dei lokale lønsforhandlingane i 2023 til å sette seg mål om å tette lønsgapet til resten av sektoren innan HVL blir akkreditert som universitet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar