De som er født en stund før 1963 husker kanskje den første filmen om Ian Flemings James Bond, "Dr No". Født før eller etter 1963: det får konsekvenser for pensjon, men det er uansett viktig ikke å spille bort pengene. |
Dei viktigaste måla med endringane som trer i kraft 1. januar 2020 er:
- Det skal løne seg å jobbe lenger
- Det skal vere enklare å veksle mellom jobb i offentleg og privat sektor utan å tape pensjon
Inga samordning framover
Alderspensjonen du har tent opp før 2019 skal samordnast med folketrygda. Det inneber at alderspensjonen frå SPK blir justert opp eller ned basert på alderspensjonen frå folketrygda, slik at ytinga samla utgjer ein viss prosent av sluttlønna. Alderspensjonen du tener opp frå 2020 skal ikkje samordnast med folketrygda. Utbetalinga vert ikkje påverka av storleiken på folketrygda, men kjem som eit tillegg – eit påslag – til alderspensjonen frå folketrygda og eventuelt andre pensjonsordningar.
Frå sluttløn til behaldning
Opptening før 2020 blir rekna ut som ein prosentdel av sluttlønna di, det vil seie årslønna di per 31.12.19. Frå 2020 blir alderspensjonen tent opp og samla i ei behaldning. Kvart år vil ein prosentsats av lønna leggast til behaldninga, og alle år i arbeid fram til og med 75 år vil gi opptening.
AFP vert endra
Den endelege utforminga av avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor er ikkje vedteke. Partane i arbeidslivet er likevel einige om at:
Den endelege utforminga av avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor er ikkje vedteke. Partane i arbeidslivet er likevel einige om at:
- AFP skal vere ei livsvarig yting i tillegg til alderspensjonen
- du skal kunne ta ut AFP fleksibelt mellom 62 og 70 år
- det skal vere mogeleg å kombinere AFP og arbeid
Det var interessant å lese
SvarSlett