torsdag 19. desember 2019

God jul, og godt nytt år!

Forskerforbundet sitt lokallag ved HVL vil ynskje deg ei riktig god jul!

Lokallaget ser attende på eit innhaldsrikt og spanande år. Vi har fortsatt å bygge Forskerforbundet sin indre struktur etter at vi fusjonerte til HVL, slik at vi kan sørve deg som medlem på ein god måte. Vi har landa på ein struktur som både ivaretek fakultet og avdelingar samt at vi tek vare på dei ulike nærregionane. Arbeidet med å bygge lokallaget vil være ein kontinuerlig prosess med mindre endringar framover.

Andre saker vi vil nemne er eit stadig fokus på medbestemmelse i ulike prosessar ved HVL. Nybygga i Bergen og Haugesund har vi nytta mykje tid på, samt organisasjonsendringar ved HVL. I løpet av året har det blitt halde fleire lønnsforhandlingar: Lokale forhandlingar i haust, samt forhandlingar på særskilt grunnlag der lønnsutjamning på tvers av nærregionar har hatt spesielt fokus. Alt i alt har Forskerforbundet sine medlemmar komme godt ut av lønnsforhandlingane.

Gjert Anders Askevold går ut i permisjon. Konstituert leiar frå midten av Januar er Kristin Lofthus Hope.

Lokallaget har søkt og fått midlar til ei rekkje OU seminar. Fleire av dei er alle medlemmane invitert til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar